Etisk ull.

Er husdyrhold etisk forsvarlig.? Kan ein vere glad i dyr og ete kjøt.? Det er mange eksistensielle spørsmål å forholde seg til. 🙂 Eg er sauebonden som kom til den konklusjonen at mine sauer er til for å produsere ull og landskapspleie og ikkje kjøt. Eg har ingenting imot at andre bønder har sau og produserer bærekraftig kjøt på lokale beiteressurser. Derimot industrilandbruk der dyra berre blir eit nummer tar eg sterk avstand frå.

Sauene våre er vennane våre. På lik linje med hund og katt for andre. Dei har alle ulike personligheiter og er alle unike individ.

Med 150 sauer på garden er det en stor overgang både økonomisk og tankemessig å gå frå å følge strømmen med å produsere lamm for slakt til å produsere etisk ull for og i lag med sauen. Ulla må betale foret til sauene. Sia regjeringa ikkje støtter sauer som produserer ull og kulturlandskapspleie berre kjøt med produksjonstilskot. Att ull er eit miljøvennlig produkt i verdsklasse har dei vist gløymt. For berre nokre tiår sidan var ulla det viktigaste produktet ein fekk frå sauen. Og kor hadde vikingane vore uten den fantastiske ulla frå villsauen som dei laga dei flotte segla sine av. Eg klipper sauene mine sjølv på klippekrakk. Det liker dei aller fleste godt. Somme logrer til og med med halen fordi dei syns det er godt å få av den tjukke ullfellen. Å sitte med ull i handa og karde og spinne og strikke er godt for kropp og sjel. Det er noke med varmen i ulla og å få lov å ha eit ekte naturprodukt i hendene som gjev ærefrykt. Ærefrykt for dette vesle vakre dyret som omdanner kratt og gras til nydelig ull. Lite er koseligare enn å sitte midt i saueflokken omkransa av sauer som vil ha kos. Og alle har sine sermerkte kose og klø måtar og plassar. Nokre stiller seg berre klare for kos. Andre sparker eller dunker borti en for å få merksemd. Atter andre held litt avstand. Dei syns menneske er nokre rare vesen (det er kanskje desse sauene som er dei mest fornuftige).