Foxy. F. 2007. 

Foxy er blitt Adoptert for 2020. 🙂 🙂

Ei flott brun søye med kvit stjerne og kvit haletipp av rasen gammalnorsk spælsau. Ho kom til verden på nabogården i 2007 og kom hit som ung sau. Difor har ho eit oransje øremerke frå garden ho kjem frå og eit kvitt merke som syner at ho er kjøpt. Foxy er ein klok og fornuftig sau. Ho er kosete med meg derimot litt forsiktig med fremmede. Navnet fikk ho fordi ho har ein kvit haletipp akkurat som reven. Foxy har vore ein produktiv sau i sine yngre dager. Ho har fått både to, tre, og fire lamm. Og siste gangen ho hadde lamm var i 2012 då ho fikk firlinger. Alle lamma tok på magemuskulaturen så ho viste teikn på å kunne få brokk om ho skulle få lamm fleire gangar. Spenane var og knudrete etter at lamma hadde slåss om å få melka. Så fekk ho mest sannsynlig børbetennelse og då dyrlegen kom og behandla ho meinte han at etter denne sesongen var det på tide å " pensjonere" ho. Han meinte sende ho til slakt...... Inne i meg tenkte eg videre på dette med å pensjonere ein sau. Ville ikkje det rette vere å gje ein slik sau ein fin og bekymringsfri alderdom.? Ho hadde allereie gitt oss så mange flotte avlssøyer og værer. Og det norske folk mange kilo kjøtt og ull. Går det å ha ein pensjonist sau.? No er Foxy pensjonist på åttande året og virker å trivest godt med det. Ho er fortsatt sprek og rask og kjem alltid bort for å helse på og kanskje få seg ein godbit. Har du lyst å verte ein som sponser alderdommen hennar. Ta kontakt med bonden på stallgryta@yahoo.com. 

2008 fekk ho eit værlamm som vart slakta.

2009 fekk ho eit værlamm som vart solgt, eit værlamm som forsvant på fjellbeite, og eit simpelamm som vart slakta som voksen sau.

2010 fikk ho tre værlamm og et søyelamm. Søya har vi fortsatt (Flochs). Et værlamm vart solgt og to værlamm vart slakta.

2011 fikk ho eit værlamm som vart solgt.

2012 fikk ho tre værlamm og et søyelamm. Et værlamm strauk med på vårbeit og to vart solgt. Søyelammet vart slakta som voksen søye.

Mette. F.2008.

Blå gammalnorskspælsau  søye med bless og horn. Etter Bamse (brun kvit med horn) og Maud (svart med bless og horn og kvit hale).

Para med Ravnøygutten (suffolk). Et værlamm i 2009.

Para med Ravnøygutten (suffolk). To værlamm og et lamm mista i lamming i 2010.

Para med Vladimir (1/2 suffolk 1/2 sjeviot). To værlamm og et søyelamm 2011 alle slakta.

Para med Liam (gns). To værlamm og et søyelamm 2012. Et værlamm solgt til avl. Et værlamm brukt til avl i egen flokk og slakta som voksen vær. Simpelammet (Marit) påsett til avl i egen buskap og slakta som voksen.

Pensjonert vinteren 2012-2013. Mette er nok den sauen på garden som absolutt har blitt mest fotografert. Ho er glad i menneskelig kontakt og en veldig klok sau. Ho utstråler noke som gjer at folk blir betatt av ho. Og nesten alle som har vore her har et bilde av Mette på kamera eller telefon når dei fer. Mette er kalt opp etter kronprinsessa vår og alle sauene i den slekta har kongelige navn. Mor til Mette heite Maud. Dattera Marit og døtrene hennar Sonja, Ingrid, og Leah. Og datterdattera heiter Elisabeth.

 

 

Mina. F.2009. D. 14.08.2020.

Far Ravnøygutten. Mor Mena.

Den siste reinrasa suffolksøya vår. Mina er en kosete og snill sau som kommer med en gang ho ser oss. Ho har hat litt problemer med to frammtenner som var lause. Så ho får ekstra oppfølging med pellets og om det er styggever får ho og dei andre pensjonistane tilbringe dagane i fjøsen.

2010 hadde ho et værlamm som vart slakta.

2011 hadde ho tre søyelamm som er slakta.

2012 hadde ho to søyelamm som er slakta.

2014 hadde ho et værlamm som er slakta og to søyelamm som vart solgt som livdyr til en an sauebonde.

2017 var siste lamminga hennar og det som skulle blitt hennas bestevenn i alderdommen vart berre forferdelse. To lamm døydde under fødsel (simpe og vær) og eit værlamm berga vi etter mykje styr og så døydde det og etter nokre dager pga akutt sjukdom (vesle David.) Det var ei hard psykisk påkjenning for ho. Og etter det har vi ikkje prøvd å la ho få fleire lamm.

No nyter ho pensjonist tilværelsen med venninnene sine og gleder seg over grønt gras og pellets.

Queen F.2010.

Far Sofus. Mor Countess.

Qeenie som vi kaller ho til dagen er ein fantastisk brun gammalnorsk spælsau med kvitt på beina, under magen, og i panna. Ho er ekstremt kosete og får ho ikkje merksemd sparker ho deg med foten eller stanger temmelig hardt. Ho sto egentlig i bingen for slaktelamm og vart berga av en mann som kjøpte eine broren hennar til avlsvær og kommenterte at vi var heldige som hadde et søyelamm å beholde når ho hadde to kåra (avlsgodkjente) brødre. Den kommentaren og det faktum at ho var veldig kosete skaffa ho vei ut av slaktebingen. Ho vart sauen til dattera mi og dermed freda så lenge ho måtte klare å eksistere. Ho er ein av to sauer som har den ærverdige tilliten å få gå med jarbjølle eller "tinklebjølle" som vi kallar det.

2011 fikk ho et søyelamm (Loppa) som fortsatt er her på gården.

2013 fikk ho et vær og et søyelamm som begge er slakta.

2016 fikk ho to søyelamm (Kate og Lala) som begge lever i beste velgående på gården.

2017 fikk ho to værlamm. En vart solgt til avl og den andre er en avlsvær som vi har her på gården (Carlos).

Siden 2017 har ho vert pensjonist og trives godt med det.

Totti. F.2010.

Far Sølvar (samme som Sjodogg og Rubus). Mor Totta.

Rasegodkjent grå trøndersau. Snill og kosete søye.

2011 fikk ho eit søyelamm som fortsatt er i flokken (Cutie).

2012 fikk ho to søyelamm som er slakta.

2013 fikk ho et værlamm med dvergframtoning som døydde etter to veker trass i iherdig stell og pleie og eit søyelamm som vart solgt.

2014 fikk ho eit værlamm som vart slakta.

2016 fikk ho ei søye som vi fortsatt har (Tottori). 

Totti er no pensjonist og trives med det. Ho har eit nært band til yngste dattera og når dei går på samme beite er dei alltid i lag.

Vivi. F.2010.

Far Sofus (samme far som Queen). Mor Maud (samme mor som Mette.)

Brun gammalnorsk spælsau søye som er oppkalt etter dattera mi som er eigeren hennar. Snill og kosete og meget spesiell med sine snodige krokete horn.

2012 fikk ho sitt første lamm (Boyadino) som vart solgt som avlsvær.

2013 fikk ho et søye og et værlamm som er slakta no.

2016 fikk ho to værlamm der en vart slakta og en vart solgt.

2017 fikk ho to søyelamm (Tivi og Lisa ) som begge er her på garden fortsatt.

Sidan 2017 har ho vore pensjonist. 

 

Flochs. F.2010.

Flott og kosete gammalnorsk spælsausøye. Datter av eldste sauen vår Foxy. Født firling med tre brødre.

2011 fikk ho eit simpelamm som vart slakta.

2014 fikk ho et værlamm som vart slakta.

2017 fikk ho et værlamm som vart solgt og et søyelamm (Natt) som vi har framleis.

 

Frå 2017 har ho ikkje vore para og skjønt om ho går med saueflokken og ikkje pensjonistane er ho nok for pensjonist å regne.

Ilena. F.2010.

Far Ravnøygutten (suffolk). Mor Mir (sjeviot).

Ilena er sauen min. Ho og eg har en kjemi som overgår alt anna. Vi er berre bestevenner og heilt på bølgelengde. Ho er vakker og kosete og en smule overvektig men men når en er ti år og pensjonist kan en unne seg nokre ekstra kilo. Det gjeld å ha litt å gå på om tenna vert dårlige.

2011 fikk ho et søyelamm som vart slakta.

2012 fikk ho et værlamm og et søyelamm som begge vart slakta.

2016 fikk ho et værlamm som vart slakta.

2017 fikk ho et søyelamm som vi har i flokken enda (Ilia). Det året fikk ho lungebetennelse to ganger og måtte på penicilin kur to ganger.

Siden har ho vore pensjonist og i fin form. Vi har mange fine sommardagar i lag der vi ligg på bøen i lag og berre koser oss og slumrer i sola.

Sjodogg. F.2010.

Far Sølvar (samme som Totti og Rubus)(grå trøndersau). Mor Candy (sjeviot).

Som krysningslam var Sjodogg slett ikkje sjølvskreven til å bli sett på heller tvert imot. Skjebnen derimot gjorde til at ho fikk sjukdommen sjodogg som ho fikk navnet etter som er en infeksjon forårsaka av flått. Dermed vart ho tatt i hus nokre dagar for å få antibiotika og når hausten kom var ho så kosete og søt og hadde overlevd den fæle sjukdommen og dermed vart ho påsatt og er fortsatt kvikk og rask i en alder av ti år med en god del etterkommere på garden.

2012 fikk ho to værlamm som vart slakta.

2013 fikk ho et værlamm som hengte seg i nettinggjerde når han var ca en mnd. Og to søyelamm derav eit vart slakta og det andre fortsatt er i flokken (Dorset Dawn).

Sidn det har ho vore pensjonist og nyt det tilværet. Ho er en ukomplisert og snill sau på alle måter.

Brisa. F.2011.

Far Brigg (samme som Heart's Miss). Mor Lotte-Lisa.

Reinrasa sjeviot. Lågføtt og kompakt. Født trilling og fikk vere med trillingsøstra si heile livet til og med i forfjor høst då tvilingsøstra vart slakta pga aldersplager. Snill og godlynt om ikkje særlig kosete. Ho er ein av to sauer som har den ærverdige tilliten å få gå med jarbjølle eller "tinklebjølle" som vi kallar det.

2016 fikk ho et søyelamm som var påsett. Dessverre vart ho sjuk og døydde om vinteren som toåring.

2019 fikk ho to vakre søyelamm som var sikra å bli påsett. Dessverre døydde den eine etter to døgn. Søstra (Lotta II) derimot har vi fortsatt og mor og datter er alltid i lag på beitet.

Heart's Miss. F.2011.

Far Brigg. Mor Heart.

Heart's Miss er ei fullblods sjeviotsøye og rasetypisk sådann. Med ståøyre og krumm nase.

Ho er snill og kosete når ho føler for det. Kan like fort springe vekk når en kjem.

Ho hadde lamm i 2017. Et værlamm som vart slakta og eit søyelamm som er i flokken enno (Heart's Missy).

Vi kan nok seie det sånn at Heart's Miss har nytt godt av bondens anti slakte politikk heile livet. Ikkje mange sauer på ni år som har hat lamm en gang og derav fått beholde eit av to lamm.

Loppa F.2011.

Far Vladimir (bror til Ilena). Mor Queen.

Det er få lamm eg har måtte dratt i så mykje som Loppa for å få ho til verden. Ho var kjempestor i forhold til mor si Queen som var eit lite spælfjorlamm. Heldigvis gikk det bra med begge to. Loppa er stesønnen min sin sau. Kjempekosete sau.

2013 fikk ho et værlamm og et søyelam som begge vart slakta.

2015 fikk ho to værlamm som begge er slakta.

2016 fikk ho et værlamm som vart slakta. Og et søyelamm som vi har fortsatt (Lotus).

2018 fikk ho et værlamm som er slakta. Og et søyelamm som vi har fortsatt (Snuppa).

Rubus. F.2011.

Far Sølvar (samme som Totti og Sjodogg). Mor Bramble.

Grå trøndersøye. Kosete og god sau.

2014 fikk ho et værlamm (Arnold) som er avlsvær hos oss og et søyelamm (Arna) som også er her hos oss fortsatt.

2017 fikk ho et værlamm som vart slakta og eit søyelamm som døydde på fjellet som eitåring.

Cutie. F.2011.

Far Count (gammalnorsk spæl). Mor Totti (grå trøndersau).

Cutie er en ukomplisert og til tider kosete sau.

Ho har vert meininga å pare mange ganger. Ho har derimot ikkje vist brunst. Så det er mulig ho er tvekjønna. Uten at det viser fysisk på noken måte.

Knerthild. F.2011.

Far Knerten (suffolk gammalnorsk spæl mix)(bror til Carola og dattersønn av den legendariske kosesauen Silje). Mor Ragnhild (gammalnorsk spælsau) (søster av Mette og Vivi).

2013 fikk ho et værlamm som vart solgt.

2014 fikk ho et værlamm som vi hadde et år og så vart slakta og et søyelamm (Columbine) som vi har fortsatt.

Knerthild er dattera mi sin sau. Ho kan vere veldig kosete eller sky alt etter humør.

Drotning. F.2012.

 

Far Levis. Mor Marquise Michelle.

Brun gammalnorsk spælsau søye. Drotning er skuleeksempelet på ein sau som ville bli tatt ut av avlen pga bruksegenskaper. Ho fikk et gigantisk jure då ho hadde lamm med spener som gikk heilt i bakken. Så det var mykje styr og ekstraarbeid for å få lamma til å suge. I fjor fikk ho en stor betennelse under huda etter vaksineringa så ho måtte behandlast med medisin og vask. Heldigvis grodde det fort og fint. Ho er ellers en temmelig sky sau som ikkje har så mykje interesse av å ha noke med oss tobeininger å gjere. Ho er klok og vurdere alltid situasjoner nøye.

2017 fikk ho et værlamm som vi har i flokken (Knekten) og eit søyelamm som vi og har i flokken (Dama).

 

Juvel. F.2012.

Far Adjunkt. Mor Diamond.

Kvit gammalnorsk spælsausøye. JUvel gikk temmelig under radaren i saueflokken til ho vart bestevenn med ei praktikant jente som heitte Bonnie som var her. Etter det har ho vore ei av dei mest kosete søyene i flokken.

2014 fikk ho et værlamm og et søyelamm som begge er slakta.

2018 fikk ho et værlamm som vart solgt som avlsvær. Et værlamm som er her i flokken fortsatt (Martin). Og et søyelamm som og er i flokken her fortsatt (Felisia).

Willy f.2012.

Willy vart kåra og 1.pr. lamm på kåringssjå i Little Høydal. Far min og sambuaren min bestemmte seg for å kjøpe han som gåve til dattera vår for å på sikt avle fram ein liten flokk med gammalnorske sauer (villsauer) for å bli kjent med den rasen og. I familien vår har vi ein eigen interesse for ulike raser og å lære om forskjellane mellom dei.

Som voksen stilte vi han igjen og då fekk han og 1.pr.

Han er stammfar til alle dei gammalnorske sauene (villsauene). Har eit fantastisk gemytt og er utrulig klok. 

 

Tauin. F.2013.

Far Perlis (gammalnorsk spælsau). Mor Pisa (sjeviot).

Plutselig en dag var det ei sjeviotgimr som var litt tynn som laga seg til med jure. Og uten at vi hadde noke anelse om det var ho blitt drektig og fikk Tauin og broren. Tauin er en merkelig sau på mange måter. Ho er stort sett alltid livredd for folk. Einaste tida ho er kjempekosete er når ho er i brunst eller ståt på klippkrakken. Då står ho heilt fint og syns kos er heilt ok. Ellers spring ho stort sett sin vei på to meters avstand.

 

2016 fikk ho to søyelamm. Eit døydde berre nokre minutter etter fødsel. Det andre er ei søye som fortsatt er på garden (Pandora).

Bota. F.2013.

Far Sturle. Mor Botox (datter av Foxy).

Bota er tvillingsøstra til Boty og ei brunbotete gammalnorsk spælsau søye.

2017 fikk ho et værlamm som vart solgt som avlsvær. Og et søyelamm vi har fortsatt (Beau).

Kosete og fin søye. Ei av ledersøyene som tek med flokken på fjellet utpå sommaren.

Boty. F.2013.

Boty er blitt Adoptert for 2020. 🙂 🙂

Far Sturle. Mor Botox (datter av Foxy).

Boty er tvillingsøstra til Bota og ei brunbotete gammalnorsk spælsau søye med små horn nygler.

2016 fikk ho et værlamm som vart solgt til avl og et værlamm som vart slakta. 

Etter det vart ho ikkje satt lamm på fordi ho var så pass si i vomma då ho var drektig at vi var bekymra for at ho kunne få vombiskinn (bukbrokk) om ho vart drektig igjen. Kjempekosete og også ei av ledersøyene som tek med flokken på fjellet utpå sommaren.

Carola. F.2013.

Far Willy (gammalnorsk sau). Mor Celina (gammalnorsk spælsau).

Carola er første generasjon "villsau" på garden og kvit av farge. Kjempekosete og datterdatter av kosesauen Silje som er en legende på garden.

2015 fikk ho et gigantisk værlamm, som vart slakta, med store horn nygler som eg måtte dra mykje i for å få til verden. Etter fødselen fortsatte ho å presse og vrengte ut børa (børframfall) så dyrlegen måtte komme å få det på plass og sette i to sting nokre dagar. Ho kom seg fint etter det. Og dyrlegen meinte det var heilt trygt å la ho få fleire lamm. Likevel drøya det nokre år før eg turte å prøve å la ho få lamm igjen.

2018 fikk ho et søyelamm (Hilde) som fortsatt er i flokken. Dei to er alltid i lag kor enn ein ser dei på beitete.

 

Lyngmøy. F. 2013.

Far Lynggutten (seminvær). Mor Afrodisia.

Svartfjessøye. Lyngmøy er kosete med meg og ofte reservert mot andre.

2015 fikk ho et søyelamm som var avlssøye og no er slakta.

2017 fikk ho et dødfødt værlamm.

2018 fikk ho et værlamm som vart slakta og et søyelamm som er solgt til avl.

Fussel. F. 2013.

Tipp tipp oldedatter av legenda Flusspata. Flusspata var ein heilt unik sau som vi var heldige nok å få ha til ho vart fjorten år og sovna stille inn av alderdom på fanget mitt på bøen omgitt av heile menneske familien sin.

Far Sturle (gammalnorsk spælsau). Mor Padmè (halvt suffolk og halvt gammalnorsk spælsau.

Grå med kvit snipp på nasa og kvit flekk i panna. Kosete og snill søye.

2016 fikk ho to søyelamm. Derav vart eit slakta som voksen og den andre søya har vi fortsatt i flokken (Staub).

Huacaya. F. 2013.

Far Prinsen (sønn av Mette). Mor Huarizo.

Blå (gråaktig) gammalnorsk spælsau søye. Huacaya er en skikkelig kosebamse av en sau. Ho kan stå å kose og bli klødd i timevis. Liker seg godt på fjellet og har alltid nokre veker på fjellet om sommaren.

2015 fikk ho to værlamm. Ho lamma alt for fort og medan vi tok en bitteliten pause på en halvtime hadde ho fra ingen teikn på lamming så fort fått begge lamma og siden det gikk så fort hadde det andre lammet drukna i fostervatn i fosterhinna medan ho sleika det første lammet. Sånt er fryktelig tragisk og som bonde er det slikt som en aldri gløymer eller tilgir seg sjølv. Det andre værlammet vart avlsvær nokre år og så slakta.

2016 fikk ho to søyelamm som fortsatt er på garden ( Hyacint og Pyrifolia). Dei to er som natt og dag. Den eine er kosete og har vore det frå ho var nokre dagar gammal. Den andre er livredd for folk og har og vore det frå ho var lita. Samme gener og samme miljø.

 

Motty. F. 2013.

Far Lucas (grå trøndersau). Mor Mott (sjeviotsau).

Motty er en heilt unik sau. Ho er mildt sagt stort sett livredd i alle situasjoner som går utenom den daglige rutina. Ho snur i døra når flokken skal jagast i fjøsen. Einaste tida ho er den lettaste sauen å ha med å gjere er når vi klipper ho. Då står ho heilt iro på klippekrakken. Om det er fordi ho er skrekkslagen eller av andre grunner er ikkje godt å si. Ho virker og som ho ikkje forstår heilt kva som skjer rundt ho alltid. Dei andre sauene følger mjølbøtta og ho spring motsatt vei feks.

Ho har aldri hat lamm.

Sateng. F. 2013.

Far Alexej. Mor Frottè.

Rasetypisk og fin sjeviotsøye. Sateng er en sau som er kosete med meg og stort sett skeptisk til andre. Veldig inteligent. Og vurderer situasjoner og folk nøye.

2017 fikk ho et værlamm som vart slakta og et søyelamm som fortsatt er i flokken (Silke).

 

Dorset Dawn. F. 2013.

Far Lucas (samme som Motty)(grå trøndersau). Mor Sjodogg (halvt grå trøndersau og halvt sjeviot).

Dorset Dawn fikk navnet fordi ho ligna på en dorset sau. Med rosa nase og kvitt i auga. Har aldri hat slike sauer untatt ho og ein av søskena. Ho var født trilling.

2017 fikk ho eit søyelamm (Dorset Delight) som vi har enno etter inseminering med dorset vær. 

2018 fikk ho et værlamm som vart slakta og eit søyelamm (Sweetnes) som vi har enno etter inseminering med NKS vær.

Prinsessa II. F. 2013.

Far Prinsen (sønn av Mette og far til Huacaya). Mor Stine Toraldine (halvt grå trøndersau og halvt gammalnorsk spælsau).

Vanligvis bruker vi ikkje samme navn fleire ganger. Prinsessa II derimot er av to familier som stort sett har hatt kongelige tittler og kongelige navn som navn og ho såg ut som ei lita prinsesse med krone som lamm så navnet sa seg sjølv. Ho er ein kjempekosete sau og av farge tricolor grå brun svart. Ho har som kjenneteikn å trampe i bakken før ho kjem og får kos.

2015 fikk ho et værlamm som fortsatt er avlsvær i flokken (Panda).

2016 fikk ho et søyelamm (Elisa) som fortsatt er i flokken etter inseminering med gammalnorsk spælsau.

2017 fikk ho et værlamm som er slakta og eit søyelamm (Hoffdamen) som fortsatt er i flokken.

Gulli. F. 2014.

Far Limelure (gammalnorsk spælsau). Mor Metacam (suffolk).

Gulli er ein fargemessig unik sau. Ho er gullfarga i fjeset og på beina og ellers kvit på kroppen. Snill og kosete når ho føler for det. Ho er en ganske stor sau.

2016 fikk ho et værlamm som fortsatt er avlsvær i flokken (Gull-Lars).

2017 fikk ho trillinger. Et værlamm som er slakta og to søyelamm (Black Gold og Gulla) som fortsatt er i flokken.

Columbine. F. 2014.

Far Willy (gammalnorsk sau) (far til Carola). Mor Knerthild (gammalnorsk spælsau suffolk mix).

Columbine er en kosete sau med mykje egenvilje. Ho er kosete når det passer ho og sånn som det passer ho. Horna hennar er og litt snodige og vrir i alle retninger. Ho er spretten og ingen gjerder stopper ho om ho vil over. Heldigvis går ho fint på beitet etter eget valg.

2016 fikk ho et værlamm som er slakta og eit søyelamm (Pia) som framleis er i flokken.

2017 fikk ho et værlamm som er slakta og et søyelamm (Kim) som framleis er i flokken. 

Kristorn. F. 2014.

Far Bump (suffolk). Mor Rogn (halvt suffolk og halvt sjeviot).

Kristorn var trilling som liten og mor hennar døydde brått på ettersommeren av ryggvelt 20 meter fra hovedveien (at ingen såg ho og redda ho er for meg fortsatt et under. Mange folk kjenner kanskje ikkje til faren med ryggvelt for sau. Hovedpoenget er at om ein ser ein sau som ligg på rygg spring bort og få den på beina viss ikkje kan sauen døy fort.).

Kristorn er stort sett en veldig pysete sau. En sjelden gang kan en snike seg til å klappe ho litt på nasa.

2017 fikk ho to søyelamm derav døydde eit på beite som eit åring og ei har vi fortsatt i flokken (Syrin).

Gryta's little Elderflower. F. 2014.

Far Hyll (suffolk). Gryta's Little Lady (grå trøndersau).

Elderflower er en kosete sau og en forferdelig utbryterdronning av en sau. Ho leder gjerne heile saueflokken i å hoppe over gjerdet og invadere bøar der ho ikkje har noke å gjere. 

2017 fikk ho to værlamm som vart slakta.

2018 fikk ho trillingar. Eit værlamm som vart slakta og eit søyelamm som døydde brått om hausten og eit søyelamm (Gryta's Little Cinnamon) som vi fortsatt har i flokken.

Tanya. F. 2014. (Trillingsøstra til Cruella.)

Far Kåre. Mor Dolly. 

Rasetypisk sjeviotsøye. Tanya er oppkalt etter country stjerna Tanya Tucker og Dolly var oppkalt etter countrystjerna Dolly Parton. 

Tanya er ikkje så glad i folk. Av og til får en så vidt ta ho på nasa. Mesteparten av tida berre går ho sin vei. Eller spring.

2018 fikk ho et værlamm som vart slakta og et nydelig søyelamm som vi dessverre og måtte slakte fordi ho berre var født med tre og ein halv fot. Eg prøvde å sjå om det var mulig å få laga ein protese til ho. Dessverre fant eg ingen som laga sånt her til lands. Ho var så kvikk og livsglad. Berre med et slikt idiotisk handikapp som gjorde at ho ikkje kunne bli gammal.

 

Cruella. F. 2014. (Trillingsøstra til Tanya.)

Far Kåre. Mor Dolly.

Svart rasetypisk sjeviotsøye. Cruella fikk navnet sitt da ein barnehage klasse var på besøk og barnehage tanta foreslo navnet fordi dei hadde lese om 101 dalmatinere og lammet ikkje hadde navn. Og navnet passer ho på ein særeigen måte skjønt om ho er ein veldig snill og søt sau.

2019 fikk ho et dødfødt værlamm og et værlamm som er i flokken enno (Cedric) og et søyelamm som er i flokken enno (Celeste).

Dagmar. F. 2014.

Far Alexej (samme som til Sateng). Mor Herzchen (halvsøster av Heart's Miss).

 

Flott sjeviotsøye.

Siden eg er så flink å kalle sauer opp etter venner og familie vedtok familien å kalle opp en sau etter meg og det er no berre koselig å ha ei navnesøster. Bittelitt flaut når eg roper på ho ellers er det berre flott. 

Dagmar er en kosete sau med meg. Sky med dei fleste andre. Ho har eit splitta øyre på eine sida fordi ho hoppa til da eg skulle merke ho som lamm og eg sto igjen med tanga og øyremerket i handa og øyret hennar var delt i to og bløydde som berre det. Ikkje akkuratt ein gøyal situasjon. 

2017 fikk ho to flotte søyelamm. Derav eit som døydde av ei planteforgiftning om hausten som eit åring og eit som fortsatt er i flokken (Dagga).

 

Arnold. F. 2014.

Far Arne. Mor Rubus. (Heilbror til Arna).

Kåra og premiert avlsvær av grå trøndersau.

Arnold har fått spredt genane sine rundt omkring. Og kommer mest sansynlig til å bli solgt som avlsvær sidan grå trøndresau er ein trua sauerase.

Arna. F. 2014.

Far Arne. Mor Rubus. (Heilsøster til Arnold og mor til Arnljot og Arnhild.)

Flott mørk grå trøndersøye med veldig god ull.

Arna er ein stor kosebamse og glad i å få kos.

2017 fikk ho et værlamm som fortsatt er avlsvær i flokken (Arnljot) og eit søyelamm som vi fortsatt har i flokken (Arnhild).

Da ho gjekk med lamma fikk ho koldbrann i juret så halve juret datt av trass i behandling. Såret har grodd kjempefint og no viser berre eit kvitt arr. Koldbrann er ein forferdelig ting i og med att den angrepne delen råtnar av og lukter fælt og ser fælt ut. Sauene virker derimot å takle det ganske bra. Når dei har fått medisin viker det meir som eit irritasjonsmoment enn ei plage og når det er grodd er dei heilt friske att. Heldigvis skjer det sjelden.

Marseilesen. F. 2014.

Far Vonen. Mor Sally. Etterkommer av den legendariske Flusspata.

Brun mix av gammalnorsk sau/gammalnorsk spælsau/suffolk.

Marseilesen er det vi kan kalle en liten mirakelsau. Ho var født på den franske nasjonaldagen og fikk derav navnet. Mora var ein åring som ein av dei voksne værane hadde hoppa inn i stekken til og para. Ho viste derimot ingen teikn til å vere drektig og vere klar til lamming på datoen som passa for lamming. Ei veke seinare derimot høyrde far min og kjæresten at det for en sau og breka på beitet og når han såg kven det var skjønte han fort at ho hadde lamma likevel og leitinga etter lammet vart satt i gang. Inni ein steingard fant dei eit bittelite lamm. Under en kg var ho.

Dei sette sauen og lammet som var dekt i spyfluge egg i fjøsen og fikk klipt av sauen den lille ulla ho hadde og kamma lammet med lusekamm. Ho fikk litt ekstra melk i tillegg og alt gikk bra. Heilt til mora en dag klarte å trakke på bakfoten hennar så ho fikk en skade i hofta. Heldigvis vart ho heilt bra fra det og gikk normalt i løpet av sommaren. Av og til når ho er sliten ser en at ho slapper meir av i den foten no når ho er blitt godt voksen. Derfor blir ho ikkje satt lamm på fleire ganger for å sleppe den ekstra vekta. Ho er ein fantastisk morsau og lammer kjempelett. Dattera hennar følger ho tett og dei er kjempekosete begge to.

2017 fikk ho to værlamm derav eit som vart slakta og eit som klarte å henge seg i et elgjerde nett/drukne.

2018 fikk ho eit værlamm som vi har i flokken fortsatt (Marseillus).

2019 fikk ho eit værlamm vi har i flokken fortsatt (Jørgen) og et søyelamm vi fortsatt har i flokken (Lill).

Bosse. F. 2015.

Far Strandnesgubben (semin) og Melody.

Basse er ein avlsvær av blæset sau. Han er rasegodkjent og ein skikkelig kosete godgutt.

Då han var lamm klarte han å knekke foten. Dyrlegen var skeptisk til å få gipsa foten uten bedøvelse ( og det er farlig for sau). Basse låg heilt i ro i fanget mitt medan han vart gipsa og foten vart heilt bra. Dyrlegen var heilt overgidd over at et lamm kunne ligge så rolig uten bedøvelse. 

Basse var på kåringssjået i Little Høydal som voksen vær og fikk då en velfortjent 2.pr.

Tornerose. F 2015.

Far Lucas. Mor Rosaceae.

Tornerose er ei stor og flott avlssøye av grå trøndersau. Kosete med dei ho kjenner godt når ho er i kosehumør.

2018 fikk ho værlammet Arntor som vart solgt som avlsvær.

2019 fikk ho et værlamm som døydde under fødsel og et simpelamm som vi fortsatt har i flokken. Tora.

Gryta's Nice Sølvfrid. F. 2015

Far Lucas. Gryta's Nice Sølv.

Snill og koselig grå trøndersøye.

2017 fikk ho eit søyelamm som vi fortsatt har i flokken. Gryta's Nice Zecora.

Lorelai. F. 2015.

Far Fabian. Mor Lorry.

Hovedsaklig svartfjes med en dæsj av grå trøndersau og sjeviot. Snill og kosete sau når ho har lyst.

2017 fikk ho et værlamm som vart slakta og et søyelamm som fortsatt er i flokken Lora.

Ho fikk jurebetennelse og mista melka. Så ho er ikkje aktuell for å kunne få fleire lamm noken sinne.

Ingrid. F. 2015.

Far Norvald. Mor Marit.

Kvit gammalnorsk spælsau (ikkje rasegodkjent) søye. Temmelig lite interessert i kontakt med mennesker. Heilsøstra til Leah.

Har aldri hat lamm.

Leah. F. 2015.

Far Norvald. Mor Marit.

Kvit gammalnorsk spælsau (ikkje rasegodkjent). Kosete og snill sau. Heilsøster til Ingrid.

Har aldri hat lamm.

Miriam. F. 2015.

Far Vladimir (semin). Mor Miry.

Toppstamma sjeviotsøye med bra eksteriør.

2017 fikk ho to lamm. Et værlamm som vart slakta og eit simpelamm som dessverre døydde om vinteren pga sjukdom.