Sauebloggen.

4. sep, 2021

Sommeren er over og hausten er på plass.

Ti sauer er klipt. 139 venter på å bli klipt. Eg deler dei opp i små puljer så får vi klipt alle etterkvart.

Det er fantastisk godt å ha sauene uten å måtte ha det heilt forferdelig kvar haust med utvelgelse til slakt.

Eg er fortsatt mykje redusert jobbmessig men men med god assistanse går det bra. Å berre ha voksne sauer og ikkje lamm gjer jobben langt meir overkommelig. Dei fleste dager er det berre rundt en time på å køyre vatn og tilsynsrunde.

Det har vert den fineste sommaren eg kan hugse med stort sett sol og tørt. Kjempebra for å slippe dei verste smertene frå slitasjegikta mi. Krevande for natur og dyr.

Geitene og 40 sauer er trekt på fjellet og koser seg med sopp og lauv. Det er fint å kunne tilby dei denne fridommen samtidig som vi har oversikt på kor dei er takket vere nofence og smartbjella.

Mesteparten av gyllen er komt ut. Tallen er komt ut. Og vi er meir eller mindre klare for vinter sesongen. 

Trenger å få litt fersk kapital men men har litt fleire ullprodukter i tankane. Skulle berre hat et par ekstra ullentusiaster til å vere med på produksjonen. 

14. jul, 2021

Vinterhøy er komt på låven. Og rundballer er bestilt. Jobber med å få litt økonomisk støtte så eg slipper å vere heilt på felgen for at sauene skal ha mat i vinter.

Kroppen setter vanvittig mykje begrensninger for tiltakslysta. Noke som er vanskelig å akseptere. Ingen overskudd til å virkelig komme videre med ullprosjekter og gårdsturisme. Men men med bittesmå steg kjem en også framover. Og å ikkje lytte til kroppen fører til bom stopp. 

Sauene virker lykkelige og fornøyd med tilværelsen. 😊 Kvar dag går vi tilsynsrunde og sjekker at alle 150 er oppegående og i fin form. No når det er varmt og fuktig er flugemakkangrep frå Spyfluge det viktigste å sjå etter. Det er ikkje mykje ytre teikn før angrepet er alvorlig og omfattande. Til no har Gull-Lars hat et lite angrep i panna og Marseillesen, som forresten har sju årsbursdag i dag, hadde eit lite angrep mellom bakbeina. Begge vart behandla fort og effektivt og er bra igjen no.

Sol og varme er ikkje sauene sitt favoritver. Dei har insektsfobi og spring i skyggen eller tråkker og legg seg ned. Om kvelden er dei derimot aktive og beiter og koser seg. Berre det er overskya er dei mykje meir tilfreds enn når sola steiker. 

Ingen har trekt til fjells enno. Ei lita gruppe på rundt 44 sauer går litt lengre runder i utmarka om kvelden. Nokre av dei eldre er kun på bøen og rundt fjøsen. Og nokre er så vidt i utmarka som ligg heilt attmed garden. Snodig gjeng. Men men at dei trivst nær oss ser eg absolutt på som en god ting. 

 

26. mar, 2021

Regn og vind og surt ver.

Utegangssauene snoker rundt etter grønt heile dagen. 🙂 Fortsatt får dei rundballe i tillegg.

Innesauene venter på klipp og å få komme ut på beite. Går ikkje så fort med klippinga mi. Har klipt 12 og har igjen 138 å klippe. 😎 Klarer ikkje å klippe meir en 4 til 6 på en dag. Klipper og steller klauvene på samme tid. 🙂 

Ellers har alle sauene fått vaksine. 🙂 

4. mar, 2021

En smak av vår. Og i dag morges er det igjen kjølig ute. 

I går fikk vi klipt dei to eldste pensjonistane, Foxy og Mette. 14 og 13 år i år. Og to av 11 åringane, Flochs og Totti. I heile vinter har eg vert bekymra for om dei får i seg nok mat og om dei er tynne. Uten tjukk ull kan eg hvertfall fastslå at dei er meget godt i stand. 😎 Og det er bra med så gamle sauer. Plutselig treng dei å ha litt å gå på om det skjer noke. 

24. feb, 2021

Det stormar og regner rundt husnovene. Så då er det ok å skrive ei lita oppdatering her før eg går ut og tar opprop hos sauene.

I går var eg på sjukehuset til samtale med ortopeden. Ortopeden meiner at ein operasjon for å stabilisere skuldra så den ikkje går ut av ledd vil vere svært fornuftig. Dessverre er skuldra for stiv etter alle utglidingane. Så må trene skuldra for meir mobilitet og så skal vi ta ei ny vurdering om tre mnder.

Eg prøver etter beste evne å blogge på Instagram. Driv å øver på nålefilting for å kunne lage meir ullprodukter for salg. 

Heldigvis kom det inn 9500,- på Spleis aksjonen slik at halvparten av dyrlege rekningane vart dekka. Tusen takk til alle som bidro og til alle som handler hos oss og adopterer sauer isv. ❤️❤️ Det er utrulig kor mykje penger det koster å ta seg av 150 sauer. For min egen del burde eg nok redusert fort og effektivt til 100 sauer. Ser berre ingen måte å velge 50 stakkarer som må offres for at eg og dei andre sauene skal ha det optimalt. Så fortsetter å prøve å klare å ta vare på alle 150. Då gjeld det å vere kreativ for å få inn penger. Ikkje så heilt lett når en er 80% ute av drift pga rygg og skulder som ikkje vil samarbeide.

Drømmer om å bygge en ny utegangsstall til hoppene som ville gjort hesteholdet så å si sjølvgåande  og spart både kostnader og arbeid. Og drømmer og om å bygge på sauefjøsen så alt hadde blitt litt meir lettvint og en slapp å forholde seg til ver og vind. Og så har vi et tak som må skiftes på låven, kledning som må byttes på låven, et naust som bør renoveres, stølshus som bør renoverast, to hus som burde vore pussa opp, traktor som kunne trenge en oppgradering, osv. Og med en konto som er tomm når for, strø, veterinær og annet dyra treng er betalt begrenser det seg temmelig godt sjølv kva en får gjort. Så kreative idéer mottas med takk. 😊☺️ 

Snart er det beite sesong igjen. Snøen er smelta og sauene går allereie og snoker etter grønne spirer.