31. okt, 2019

31.Oktober.

Omsider klarer eg med krykker å gå en runde til fjøsen og tilbake. Så godt å få hilse på nokre av dyra igjen. 🙂 Avløysarane er kjempeflinke og har satt mesteparten av simpelamma i fjøsen samt litt pensjonister og gjerdesmetter. I tillegg driv dei og klipper for fult. Været er litt kaldere så dei voksne sauene får litt rundballe i tillegg til det dei finn ute. Framleis går omlag halvparten av dei voksne sauene i skogen i beitet. Dei kjem nok for å få mat etterkvart dei og. Så lenge det ikkje er snø og frost foretrekker dei å ete gras og lauv. 🙂

Rundt ti værer har fått flytta og får bli avlsværer i andre flokker. Ti sauer er tinga og får flytte til en an bonde. Å nå målet om å redusere til hundre sauer i år virker umulig. Så går for 150 og så får vi berre la vere å pare til vi er komt i hundre stk. Har ikkje hjerte til å slakte noken av dei 150 som blir att. 15 til 20 stk er plukka ut til slakt. Må sende dei for å få plass til alle til vinteren. Nokre er gamle og ville ikkje få en god vinter. Nokre er berre uheldige og havna i denne kategorien for å kunne gi plass til dei yngre. Nokre er ekstremt sky og med ryggen min er det ikkje noke særlig å ha sauer som er vanskelige å handtere. Så får vi berre håpe og håpe at ryggen no holder til å klare å fungere nokelunde frå neste år av. Er meir eller mindre sjukmelt til overgangen til 2020.

Positivt med å vere sjukmeldt er at eg får strikke og hekle litt med garnet vi selger. Har hekla hue til mannen. Og holder på å hekle skjørt til meg sjølv og strikke sjal til meg sjølv. Går ikkje fort men men. 🙂

Og så er det positivt å få tid å oppdatere litt her. Trenger all støtte på spleis og garnkjøp og saueadopsjon vi kan få. 🙂