5. des, 2019

05.desember. 2019.

I dag var det full storm og regn og tidvis hagl. Det er det einaste veret sauene virkelig ikkje liker. Når dei får hagl eller vatn inn i øyre og nase då går dei i hus for å få ly. Så snart det derimot klarnar igjen er dei ute att og trasker rundt på bøen.

Tivi og jentene er enno ikkje komt. Venter kvar dag på å få sjå Tivi og jentene igjen. ❤❤

Dei vestlandske raudkollene våre Ahssdroma, Alfus Q, Aurore og Freya er flytta til ein an gard og vi håper både dei og bøndene der blir lykkelige i lag. Og håper dei får masse fine kalvar der. Er rart å ikkje ha dei i flokken lenger samtidig godt å få dei til en an god plass så det blir litt mindre arbeid her.

Formen er fortsatt ikkje slik at eg får gjort noke. Smertene kjem så snart eg prøver å løfte eller bære. Samme kor lite det er. Så må berre fortsette å smørre meg med tålmodighet. Får tid til å kose litt med dyra no om ikkje anna og det set både dyra og eg stor pris på.❤❤