29. jan, 2020

29.Januar. 2020.

Snart en mnd gått av 2020. 🙂

Vi har hat en fantastisk mild og lettvint vinter så langt. Alt er mykje lettare uten snø og is. Med ekstremt med regn vart det litt bløtt og gjørmete rundt om. Men men no er det omsider meldt litt tørt og fint ver. På en gard er veret og vermeldinga det aller aller viktigste for å kunne forutsjå kvardagen og evt utfordringer i kvardagen.

Ryggen min og foten er fortsatt ute av drift. Og takket vere god avløysar og familie som trår til går drifta sin gang. Og dyra får det stellet og foret dei treng. Det er ei god trøst når fortvilelsen melder seg over ikkje å kunne gjere noke sjølv. 🙂

For tida driv vi og sel kyrne. Har ikkje sjans eller mot til å holde på med kyrne aleine lenger. Dei er snille og gode og eg kjem til å sakene dei veldig mykje. Samtidig må eg innsjå at eg er ein person og ingen deler visjonen min om å ha beitedyr og prøve å halde stiane på fjellet og stølsvollane i hevd. Og eg kan ikkje ta risikoen det er å gå aleine i fjellet ein gang i veka og sjekke dei samme kva. Og heller kan eg ikkje forvente at avløyserar som ikkje er vandt med kyr skal kunne handtere dei slik eg gjer. Sårt samtidig det einaste realistiske. 

Hestar, sauer, geiter, høner, og kattar er meir overkommelig for kven som helst å styre med. Så vi får fokusere energien der. 

Har så mange ideer eg har lyst å prøve å få realisert. Mangler berre fullstendig på energi og overskot. Så får prøve å følge tilrådingane og konsentrere meg om å bli bedre. Ikkje lett når en har tusen ting en har lyst å gjere. 

Sauene går no og venter på beite sesongen. Om kveldane tar nokre seg runder med hopp og sprett gjennom bingen. Deilig å sjå på det. Dyra som får gå ut og inn som dei vil eller blir lufta finn alt ein del grønt. Heilt sprøtt når januar er meir som mars vanligvis. Raklene på hasseltrea er tatt til å sprette. 🙂

Det er rart å ikkje vente hverken kje eller lamm i år. Samtidig godt å vite at en ikkje må komme seg i gjennom ein månad med konstant vasking. To føll venter vi. Og det gler vi oss til. Og så seks sauer som skal lamme på nabogarden. 🙂