9. jan, 2021

09.Januar. 2021.

Eg hadde tenkt å skrive masse her til jul og nyttår. For det er ikkje det at her ikkje er noke å skrive om. Heller at det skjer så mykje at det ikkje er energioverskudd til å skrive. 

 

Akkurat no kjemper vi for at Sukkermann skal overleve og bli frisk igjen. Han vart sjuk 16. Desember og vart behandla av dyrlegen med grunnlag i at eine hornet hans var litt betent i rota etter at han hadde stanga med en an vær. Han vart gradvis bedre og etter kvart heilt friskmeldt. Så plutselig no tirsdag låg han i bingen og var ikkje i form. Symptoma kunne tyde på lungebetennelse og han fikk ny penicillinkur av dyrlegen. Nå er han fin igjen på dei symptoma har derimot fått symptomer på hjernebarksår som er tiamin B vitamin mangel. Så nå behandler vi for det og. Og har konstant kameraovervåking på han om han ligger forkjært eller det er et eller annet.  Måtte Sukkermann bli heilt frisk igjen. ❤️❤️

14.desember gikk skuldra mi ut av ledd. Det har den gjort mange ganger før berre at denne gangen fikk eg ho ikkje på plass att sjølv og måtte på sjukehuset og i narkose for å få den på plass igjen.

I jula hadde vi plutselig en sjuk sau. Inga hadde 42 i temperatur og alle symptom på sjodogg en flåttbåren sjukdom. Ho fikk penicillin og var fort frisk att. Dagen etter var Ingrid plutselig blind og ikkje i form. Et symptom på hjernebarksår. Tiamin bvitamin mangel. Ho vart behandla og fungerer bra no. Synet har ho ikkje fått att det kan vist ta opp til en mnd.

Så hadde vi plutselig sauer som mista matlysta og sto og stura. To fikk diaré og. Arna og Hearts Missy fikk penicillin kur og vart fort friske. Hilde, Motty, Perine og Sateng vart friske av seg sjølv. Mest sannsynlig må det ha vert noke dårlig for som vi ikkje har lagt merke til da vi fora.

Og i tillegg til det fikk Elisabeth og Sugarcoon augebetennelse som er godt på bedringens vei og krevde behandling med augesalve kvar andre dag. 

Så du kan trygt seie at vi har hat meir enn nok sjukdom i flokken no for lange tider. Og med armen i fatle og ikkje belastbar har det vert utfordrande. Heldigvis har far min vore avløyser. Og far min har tatt seg av alt med sauene. Eg har kunne inspisere flokken og sørge for at alle med symptomer har fått nødvendig behandling. ❤️❤️

En blir litt sliten og motlaus når en fin sauer som ikkje er i form dag etter dag. Heldigvis er alle untatt Sukkermann bra igjen og måtte han og bli bra igjen snart. Sauene er en del av familien min. Så når dei har problemer er det tungt for meg og.