18. feb, 2021

18. Februar 2021.

Etter nokre veker med kaldt og vakkert vinterver er det nå mildver og regn i vente. Ryggen har vert heilt slått ut i kulden. Er frustrerende når en er full av tiltakslyst å berre få gjort det mest nødvendige pga smerter i kroppen. 

Holder på med adopsjonshilsen til dei som har adoptert sauer hos oss. Skulle sende dei til jul var idéen...... Det satte skuldra en bråstopper for. Så då får det bli no i steden. 🙂 

Alle sauene er kvikke og raske heldigvis. 🙂 Og alle er så klare for vår og ferskt gras. 

Nå venter en mnd med vaksinering, klipping, kontroll av klauver og horn, sette i erstatningsøyremerker på dei som har mista, og markekuring. Så venter beite sesongen i april mai. Og då er det godt å ha litt tilbakevokst ull igjen. Villsauene har allerede teke til å røyte rundt hovudet. Medan spælsauene nok ikkje "slepp" ulla før om en god mnds tid. Viktig å klippe på riktig tidspunkt så det ikkje blir masse botnull som sit igjen og lager filt i tuppane på sommar ulla.

Ellers trener eg på nålefilting. 🙂 Om eg klarer å la vere å stikke sund fingrane mine er målet å klare å lage nålefilta figurer for salg etterkvart. Har litt vei igjen der. 😎