17. mar, 2022

17. Mars 2022.

Uff. Eg er elendig på å oppdatere her. 😎

Nå har eg egentlig veldig god tid til sånt dill og dull. Fikk operert skuldra mi så den ikkje skal gå ut av ledd meir for nøyaktig ei veke sidan. Så då er det 6 veker med armen i fatle og ca tre mnder før eg kan belaste armen fult igjen. Ufrivillig ferie kalles det. Første to dagane holdt eg på å gå på veggane. No har eg vendt meg til å ha ein heilt annan døgnrytme. Heldigvis er det ingen smerter. Var litt øm og sår første dagane. Verste er å måtte sove på ryggen. Men men det går bedre enn forventa det og. 

Dyra har det òg bra. Har fire personer som passer på dei og steller med dei. 😊 Viktig med ordentlig back up når eg er heilt ute av drift. Har ansatt ei som avløyser som tar den jobben eg og Viktoria vanligvis gjer. Så er det ei workaway jente som er med litt nokre dager for veka. Far min tar seg av sauene som treng pellets og ekstra stell. Og så er far min kunnskapsbasen om noke uventa skjer og ekspert på gjerdefiksing om sauene stikk av. Viktoria er adm dir i mitt fravær og styrer det meste. Ho har sløkkerunda kvar kveld og ser at alt er i orden. Samboeren køyrer forballer på plass med traktoren. Og samboeren er sjølvsagt og i bakhand om noke må fikses. Og så må eg nå innom og sjekke uteganger flokken en gang for dagen og hilse på alle i fjøsen. Hadde blitt deppa om eg ikkje fikk sjå dyra kvar dag. ❤️❤️

Vi har heldigvis komt godt gjennom vinteren og alle er (bank i bordet) friske og fine.

Nå venter vi spent på lamma til Murray og Staub. Det skal bli så godt med nokre Smålamm for heile flokken. ❤️❤️